Publisert av:
20/8/2010 18:27
Får stønad til prosjekt
Den naturlege skulesekken fekk inn 200 søknader frå skular som ynskte stønad til prosjekt som skal gje elevar auka nysgjerrigheit og kunnskap om natur.
109 skular fekk godkjend søknadane sine, mellom dei Tysnes skule.
Det er opplyst at Tysnes skule får tildelt kr. 50.000 til prosjekt “Blå kvardag” for elevar i 5.-10.klasse, men rektor Are Sæverud Lygre opplyser til Tysnesingen at beløpet er feil – det er kr. 35.000 skulen får i stønad til “Blå kvardag”.
Det er Naturfagsenteret som fordeler pengane som er bevilga av Utdanningsdirektoratet, DN og Miljøverndepartementet.