Kondolanseprotokoll

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/8/2026 15:50

Tysnes kommune skriv på si nettside at kommunen vil legga til rette for at innbyggarane i Tysnes kan skrive ei siste helsing til Kong Harald i ein kondolanseprotokoll.
Kondolanseprotokollen vil vera tilgjengeleg i resepsjonen på Rådhuset kvardagar frå kl. 09.00-15.00 frå og med måndag 31.august.

Blomenedlegging
For å vise sorga si ønsker mange å legge ned ei blomerhelsing eller tenne eit lys. Det kan leggast blomar eller andre helsingar ved flaggstanga på rådhuset.

Flagging
Kommunen vil flagge på halv stong på alle kommunale flaggstenger fredag 28. august og på gravferdsdagen.

Frå og med laurdag 29. august til gravferda er ferdig, blir det flagga på halv stang på rådhuset.

Meir informasjon om sørgeperioden
Regjeringa har fastsatt nasjonal sørgeperiode (landesorg) frå dødsdagen til gravferdsdagen. Nasjonal sørgeperiode er ein periode for ettertanke og ei markering av at befolkninga i Norge er i sorg.

regjeringen.no er det lagt ut ein rettleiar til den nasjonale sørgeperioden. som omfatter alt frå private arrangement, minnemarkeringar, flagging, blomsterhelsingar, nettsider, sosiale medier, reiseinformasjon og øvrige markeringear.