Publisert av:
15/8/2010 08:22
Populær bruktmarknad
I år som i fjor laga Lunde bygdalag til bruktmarknad i drivhuset. Alt lenge før ein kom til Lunde senter såg ein at her skjedde det noko, for det var bilar i lange banar på parkeringsplassen, skuleplassen og langs vegen.
Og det kom mange folk frå fjern og nær i det flotte sommarvéret for å sjå kva lopper bygdalaget hadde å selja i år. I tillegg var det auksjon med Kjetil Hestad som auksjonarius.
Salet gjekk strykande og lundegrend.no melder at dei fekk inn over 32.000 kroner. Utanfor marknaden var det trekkspelmusikk og sal av mat og drikke.