Spennande kurs utover hausten
2/8/2026 10:43
Har du lyst til å prøve deg på dreiing i leire?
Keramikar Per Nornes kjem for å lære oss kunsten å dreie i leire. Dette er eit intensivkurs over ei helg, der du får innføring i teknikkane som trengst for å lage koppar, skåler og fat på dreieskiva.
Pris: 1700,-/1400,- for medlemmer
Utgifter til leire på om lag 100 kr kjem i tillegg til kursavgifta.
Påmelding innan: 01.10.26 via link:
https://event.checkin.no/227779/keramikkurs-dreiing
Avgrensa tal på plassar.

Har du lyst til å laga din eigen bringeduk eller ditt eige belte?
No har du sjansen til å læra perleteknikken. Over sju samlingar får du rettleiing til å sy eit belte eller ein bringeduk. Du vel sjølv om du vil sy perlene på stramei eller arbeida med lausperling. Kurslærar er Gunn Berit Nødland.
Pris: 2000,- / 1600,- for medlemmer
Påmelding innan : 12.08.26 via link:
https://event.checkin.no/227783/kurs-i-bunadsperling

Har du lyst til å læra å spikka med kniv?
Laurdag 28. november inviterer Robert og Øystein Dalland til kurs i spikking. Dei vil gå gjennom grunnleggjande og kjende spikketeknikkar, og du får høve til å prøva deg på å laga eit lite produkt. Ta med eigen kniv dersom du har, og gjerne eit forkle i lær.
Pris: 1000,-/ 800,- for medlemmer
Påmelding innan : 07.11.26. via link:
https://event.checkin.no/227784/spikkekurs
Kurset høver frå ungdomsskulealder og oppover.

Lær deg å slipe knivar
Har du knivar som treng ein skarp egg? På dette kurset lærer du korleis du kan slipe knivane dine, kva utstyr som trengst, og du får høve til å prøva deg i praksis.
Wilfred Sætre og Harald Engevik frå Stord Knivklubb viser og rettleier
Pris: 500,- / 400,- for medlemmer
Ta med knivar som treng sliping. Påmelding innan 09.09.26 via link:
https://event.checkin.no/227782/knivslipekurs
Ved spørsmål, ta kontakt på tlf 97516447
