Mykje brennmanet

Publisert av:
23/7/2010 17:53

Det har jo ikkje vore den heilt store badetemperaturen i sjøen fram til no i sommar. Denne helga ser det imidlertid ut til at me får litt sommar.

Dersom du har tenkt å ta deg ein dukkert, vil du sikkert oppdaga brennmanet. For det er eit brennmanetår og enkelte stader er det ganske tett med manetar. Den kalde vinteren har gjeve gode reproduksjonsforhold for brennmanetane.

Havforskningsinstituttet uttalar til Haugesunds Avis at manetane er kaldtvassorganismar, som betyr at fleire manetar vert produsert når det er kaldt.