Publisert av: May Britt Meland
16/4/2026 11:40
Bowling 2. divisjon
Lerøy Uggdalsfjorden hadde vunne 2. divisjon før den siste serierunden, men dei slappa ikkje av og avslutta med stil. 1405 pinnefall oppnådde dei i denne serierunden, og det ville ha halde til siger i dei fleste kampar i 1. divisjon. Frå hausten av er laget klart for spel i 1. divisjon.
Laga skal ha honnør for god gjennomføring av kampane gjennom heile sesongen.
