Nokon må ha hatt dårleg tid

Publisert av:
24/6/2010 08:07

Men gnagarar og fjørkledde har hatt det greitt ved Skorpekrysset sør for Flakkavågen i det siste.

Den tunne plasten var jo ikkje særleg utfordring for kvasse nebb og skarpe tenner. Og her var det skikkelege godsaker – m.a. har det vore fest på eple og brød. Kaffifilter m/innhald, tome boksar og glas var vel ikkje så mykje mat i, men det var jo verdt å utforska. På andre sida av vegen er naturen pynta med eit bilbatteri.

Det kan saktens vera greitt å ha ei lita opprydding i blant – berre så synd at det skal leggjast ut på dette viset.