Besøk hos Rex Star Seafood

Publisert av:
10/6/2010 20:38

Det var Lunde skule som var på besøk hos Reksteren skule i dag. På programmet stod besøk hos fiskeforedlingsbedrifta Rex Star Seafood på Skår, som er ei av dei største bedriftene på Tysnes.

Her fekk elevane innsyn i heile produksjonen frå fisken vert sløya til den hamna som porsjonstykke i isoporkassar. Til slutt fekk elevar og lærarar med seg laks til grilling og masse tilbehør med.

I tillegg var det omvising på Reksteren skule, og dei besøkte også gullgruva i Frøkedal.

Fyldige referat finn du på nettsidene til Reksteren skule og Lunde skule.