Utsikt frå Hovlandsnuten Foto: Rebekka Høgestøl

Fine dagar i Tysnesfjella

Publisert av: May Britt Meland
28/12/2025 11:59

Leiar i Tysnes Turag Rebekka Høgestøl har hatt mange fine turar i Tysnesfjella desse klåre fine juledagane.

Turlaget vil takka medlemmer og følgjarar i turlaget for eit kjekt 2025! -Takk for engasjement, turglede, dugnadsinnsats og alle gode møte ute på stiar og toppar. De er med på å skape eit inkluderande og levande turlag – og gjer naturen til ein endå finare stad å vere saman.

-Me ser fram til nye turar, nye opplevingar og nye minner i året som kjem, seier Rebekka.

Ei riktig god jul og eit godt nyttår til alle!

 

Glimt frå “Såtoturen”: Solheimsdalen, Malkenesdalen, Såto, Ådnastegen

 

Utsikt frå Kanikkenuten mot Hovlandsnuten.

 

Hovlandsnuten eit par veker før jul.

Foto: Rebekka Høgestøl