Publisert av: May Britt Meland
5/11/2025 20:07
Hjertefred – ei god og varm stund
I år var det 10 år sidan Hjertefred blei arrangert for fyrste gong på Tysnes. Me ynskjer at Hjertefred skal vera ein arena der me samlast for å oppleva ei god og varm stund ilag.

I år kom det veldig mange til arrangementet vårt, og me er overvelda av alle gjestene som kom. Me håper at alle som kom hadde ei god oppleving av arrangementet.

Hjertefred er eit non profit arrangement og me er heldige som har så mange magiske frivillige både hjelparar, sponsorar og ikkje minst artistane som alle har ei sentral rolle for at me i det heile tatt kan arrangere Hjertefred Tysnes.
Foto: Amalie Lunde Bakke
