Vil du bli med på Vossatur til Smalahovetunet?

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/10/2025 15:51

Tysnes Reiselag skal på ny Vossatur, og ynskjer å få flest mogeleg med på turen.

Turen, som er frå 9. – 10. november, startar med ferje frå Våge, og så køyrer ein til Dale, der det blir
lunsj på Dale Outlet.

Når ein kjem til Voss, blir det innsjekk på Park Hotell, før ein køyrer til Løne og Smalahovetunet. Dersom ein ikkje ynskjer smalahove, er det mogeleg å bestille anna mat.

Dagen etter går turen heim via Odda, og det blir også stopp i Åkrafjorden, der det blir lunsj på Åkratunet.

Påmeldingsfrist er 20. oktober klokka 20.00. Klikk her for meir informasjon.

 

Alle foto: Freddy Jensen