Halvor Folgerø på Tinghuset

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/10/2025 09:47

Søndag 19. oktober klokka 15.00 kjem forfattar, journalist, musikar og programleiar Halvor Folgerø til Tinghuset i Uggdal og held føredrag om den siste boka si «Ferjefolket»

I bokomtalen skriv forfattaren: «Vestlandet kan oppsumerast med tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer.
Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Dei er ein viktig del av den norske folkesjela, anten vi likar det eller ikkje»

Vil du høyra meir om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk om bord i vestlandsferjene, ja då må du komma til Tinghuset søndag 19. oktober klokka 15.00 og høyra forfattaren sjølv fortel om denne boka. Han vil og syna bilete og videoar frå boka.

Ein liten godbit til slutt. Halvor har lova å ta fagotten med seg for også å ha eit musikalsk innslag.

Det er altså berre å gleda seg til 19. oktober klokka 15.00.

Inngongspengane vert kr 200,-

Vel møtt!

Helsing Tysnes Sogelag