Publisert av: May Britt Meland
9/7/2025 15:20
Klart for Såto Opp
Me er no oppe i 140 påmelde deltakarar til Såto Opp 2025, fortel Marthe Birkeland. -Dette blir magisk!
Eit spektakulært arrangement der kultur og folkehelse går hand i hand, med tur/løp opp Tysnessåto etterfulgt av konsert med Jo Nesbø og Lars Jones på fjelltoppen.
-Vi har ulike klassar slik at flest mogleg kan ta del i opplevinga, frå mosjonister, familier, ungdommer til proffe. Ein melder seg på i den klassen som passer seg best.
Mosjonistklassen startar, etterfulgt av konkurranseklassane. Konkurranseklasse ungdom er fyrst ute, så damene og til slutt mennene. Konkurranseklassane for menn og kvinner er inndelt i to aldersgrupper 16-39 år og 40+.
Alle som deltek vert med i trekninga av flotte premiar.

