Grendatun kino digitaliserast i august
27/4/2010 07:28
Først og fremst betyr dette at publikum får sjå filmane mens de er nye og omtalte i media, og ikkje minst at de har topp kvalitet utan striper og andre slitasjeskader uansett kor mange gangar de vises.
– Nå må vi ikkje lenger vente på vår tur for ein filmrull som sendes med posten. Vi kan laste ned ein film digitalt, slik at vi får premiere same dag som de store byene, seier kinosjef Vidar Lid i Grendatun kino.
Digitaliseringa gjør det også mulig å programmere filmar slik at tilbodet tilpasses de lokale forholda. Ein populær film kan nå vises så lenge det er behov. Det er også mulig å vise ein type film på ein bestemt vekedag, slik at publikum på forhand vil vite kva vekedag eller til kva tid i løpet av ein dag det er mest sannsynlig at det går ein film som passer dei.
– Filmane må ikkje sendes vidare, så det er full høve til å vise filmane så lenge vi ønskjer. Nå har vi muligheit til å vise spenningsfilmar ein fast vekedag, komediar ein annen og barnefilmar ein tredje dag. Sånn kan tilbodet tilpasses våre lokale forhold her i kommunen, seier kinosjefen.
Med digitaliseringa får kinoen også nye inntektsmuligheiter fordi utstyret kan brukast til meir enn å vise film. Det er for eksempel mulig å vise operaførestillingar frå verdens store operahus, både ”live” og i opptak. Det jobbast også med vise konserter og teaterførestillingar. Likeledes er det mulig å vise store idrettsarrangement. Dataspill er også ein arena som kan leggast til ein digital kinosal.
– Dette er spennande tider med mange nye muligheiter Det er også fullt mulig å legge til rette for visning av lokale produksjonar av alle slag.
Det blir nå vurdert om det skal investerast i utstyr for visning av 3D-filmer. Disse filmane er blitt svært populære, og de gir publikum ein ny oppleving som i praksis bare er tilgjengelig på kino.
Ytterligare informasjon kan fås ved henvending til:
Vidar Lid
Tlf. 93003228
kino@grendatun.com