Publisert av:
25/4/2010 21:15
Vårmønstring
Festplassen er staden for vårmønstringa for tohjulingar. Det er Rolling Thunder som arrangerer treffet og dette var tjuande gongen.
Hundrevis av motorsyklar rulla innover Bergen like før klokka 12 då det heile starta. Blant desse var også nokre mc’ar frå Tysnes.
Jon Skjolde på sin Ducati 900ss, Bjarte Storesætre på Suzuki GSX 1100EF og Oddvar Storesætre med sin BMW K1300s.
Det vart ein fin dag for mc-entusiastane.