Signerte avtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen

Publisert av: May Britt Meland
22/2/2025 19:37
Onsdag 19. februar melder ordførar Synnøve Bakke at ho har fått skrive under på ei avtale mellom Nasjonalforeningen for folkehelsen og Tysnes kommune, om at Tysnes skal bli eit demensvenleg samfunn.

Eit samrøystes politisk utval vedtok i fjor haust å gå inn for denne avtalen. Kommunen fekk også på plass ein demenskoordinator i fjor vår, og Bakke seier ho er glad for vi med desse to tiltaka tar på alvor å gjere lokalsamfunnet vårt trygt og inkluderande også for personar med demens.

.
.
Dette skriv Nasjonalforeningen om ordningen:
Et mer demensvennlig samfunn er avgjørende for mange og bra for alle. Personer med demens blir mer selvhjulpne og kan leve aktive liv lengst mulig. Ved å bli møtt med respekt og forståelse, vil personer med demens og deres pårørende oppleve trygghet, frihet og verdighet. Kunnskapen bidrar til at arbeidshverdagen til personer i ulike serviceyrker blir enklere, og kommuner og servicenæringer som deltar får et positivt omdømme.
.
Sjukdommen rammar over 100 000 nordmenn i dag, og det er venta ei dobling av dette talet dei neste tiåra. Mange har erfaring med sjukdommen og veit at den sett preg på ikkje berre livet til den sjuke, men også livet til dei pårørande.
.
.
Ta kontakt med kommunens demenskoordinator om du er pårørande til ein person med demens og du treng meir informasjon om kommunens tilbod til desse pasientane.