Månadens gjenstand

Publisert av:
9/4/2010 06:08

I april kan du sjå ei staseleg gammal krambuvekt som står stilt ut i biblioteket i Tysneshallen. Desse vektene er ikkje eldre enn at mange gamle folk godt kan hugsa dei frå sin barndom og ungdom. I dag finst det ingen krambuer att. 

Vekta som er stilt ut i biblioteket var opphavleg i bruk i krambua til Møllerup Skaten. I 1931 flytta den gamle krambua som hadde heldt hus i den såkalla Glasstova på Skato,  inn i eit nybygd handelshus nede ved sjøen. Same året byrja Møllerup å ekspedera “dampen”, og han fekk i april oppretta brevhus. 

Det er ikkje godt å seia kor gammal krambuvekta i biblioteket er, men ut frå patentnummeret kan ho godt vera frå før 1900. Det vart ikkje brukt vektlodd på desse vektene – dei hadde same type stong som ei romersk bismarvekt med flyttbart målelodd.

Krambuvekta er utlånt av Anna Hildegunn Skaten. Det er Harald Dalland og Olav Skjellevik som står bak Månadens gjenstand-utstillingane. På biblioteket kan du sjå og lesa meir om vekta som i si tid var ein så viktig reidskap på “bua”.