Stavangerkameratane

Tysnesfest slepp sine 3 første artistar!

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/11/2024 08:55

Allsong, festmusikk og gøy, gøy, gøy!

Det er med stor glede og entusiasme me kan fortelje at dei første artistane til Tysnesfest 2025 er klare. Rein festglede med Vassendgutane, frisk country frå Tobias Sten og energifylt allsong med Stavangerkameratane fyller Gjerstad Arena 10.–13. juli.

Årets festival baud på strålande vêr, topp stemning og publikumstal som minnar om rekordåra frå tidlegare. Me kan stolt slå fast at årets Tysnesfest har vore ein suksess. Tre magiske kveldar på Gjerstad Arena, kombinert med fantastiske konsertopplevingar rundt omkring på Tysnes, har stadfesta festivalen sin posisjon som ein av sommarens store høgdepunkt.

Me ser no fram mot ein sommar med fullt trøkk og eit Tysnesfest 2025 med ei rikhaldig program. Det blir tre dagar med konsertar på Gjerstad og garantert mykje moro rundt omkring på Tysnes.

STAVANGERKAMERATANE
Med suksessrike år bak seg og over 100 millionar streams i ryggen, er Stavangerkameratane klare for å ta Noreg med storm – igjen! Kjente for energifylte liveopptredenar og allsangvenlege hits som «Bare så du vett det» og «Vil du shalala», er dette bandet garantistar for ein fantastisk konsertoppleving. Dei jobbar no med sitt fjerde album, og me gler oss til å høyre kva dei har å by på i 2025.

Stavangerkameratane

VASSENDGUTANE
Ingen festival utan fest, og ingen fest utan Vassendgutane! Som originalen av festcountry i Noreg leverer dei ekte glede og rå energi frå scena. Med låtar som «Ungkar med dobbelseng», «Hjortejakt» og «Granada» i bagasjen, vil stemninga stå i taket når Vassendgutane inntar Gjerstad Arena.

Vassendgutane

TOBIAS STEN
Tysnesfest er stolte over å presentere det lokale talentet Tobias Sten. Den unge countryartisten frå Stord har allereie fått merksemd for sine ekte og personlege songar. Tobias representerer ei ny generasjon innan norsk countrymusikk og er klar til å dele musikk som treff rett i hjartet.

Tobias Sten

Sjåast på Tysnesfest 2025!
 
Om artistane, og festivalen, seier festivalsjef Øystein Vaage fylgjande:

– «Me er utruleg stolte over å kunne presentera dei første artistane til Tysnesfest 2025. Med Stavangerkameratane, Vassendgutane og Tobias Sten på plakaten er me sikre på at Gjerstad Arena blir fylt med festglede, allsong og uforgløymelege opplevingar.”

– «Tysnesfest handlar om meir enn berre musikk – det er ein møteplass for gode vener, nye bekjentskap og minner for livet. Me gler oss til å skapa endå fleire magiske augneblink saman i 2025.»

– «Stavangerkameratane og Vassendgutane er begge kjende for å skapa heilt rå stemning på scena, medan Tobias Sten representerer noko nytt og spennande. Me er stolte over å løfta fram både store namn og lokalt talent på same scene.»

– «Etter suksessen med Tysnesfest 2024 er forventningane høge, men me er klare til å levera! Programmet for 2025 blir eit fyrverkeri av gode artistar, og me jobbar på spreng for å gjera neste sommar til noko heilt spesielt.»

– «Publikummet vårt er noko heilt unikt. Stemninga på Gjerstad Arena og rundt omkring på Tysnes er det som gjer festivalen til ein av sommarens store høgdepunkt.»