Torsdagsturen til Ølveshovda

Publisert av: May Britt Meland
27/9/2024 13:26

26. september vart ein dag for Torsdagsturen sine minnebøker. I eit heilt nydeleg haustvêr fekk men nyta den storslåtte utsikta frå Ølveshovda 252 m.o.h.

Trass litt ulendt terreng og nokre glatte parti, kom turfølje på 11 seg til topps.
Spesielt imponerande og rørande vart det då Jørgen Haaland på 91 år skreiv seg inn i boka på toppen.

Tekst og foto: Bente Raknes