Futsal dramatikk

Publisert av:
28/3/2010 18:40

Tommy Bjørkelund frå Hatlestrand har dei siste sesongane spelt for Njardar. I tillegg spelar han futsal og i helga spelte Øystese mot Kongsvinger i Ekeberghallen i Oslo om opprykk til Futsal Liga.

Kongsvinger leia 4-2, men Øystese utlikna til 4-4 like før slutt. Like etter at domaren hadde blese av vart ein vitne til stygge scener. Kongsvinger-spelar Flamur Loku klikka fullstendig og sparka først ned Øystese sin Jon Andre Røyrane. Deretter gjekk Kongsvinger-spelaren laus på Øystese sin keeper.

Hendinga endar no hos forbundet.

Heile dramatikken kan du sjå hos TV2 Sporten her >>>