Tirsdags-feiden runde 6

Publisert av: May Britt Meland
12/6/2024 19:18

Tysnes Golfklubb gratulerer Arne med nok ein siger i Tirsdags’feiden’, 11. juni,  – denne gong i runde 6 etter godt spel ! Eit par slag bak fylgde Fredrik, ein annan gjengangar på pallen. Tredjeplassen gjekk denne gong til Oddvin.

‘Feiden’ vart spelt med 13 stk til start inkl 2 flotte rekruttar. Thomas og Daniel spelar betre og betre.

Bilete av desse 2 etter at Daniel spelte på banens par på hol 1, og Thomas det same på hol 2.

Kjekk runde i nydeleg vær på ein særs bra og velstelt bane. Har ikkje sett banen betre enn den er no.

-Berre å gleda seg til søndag og neste tirsdag då lagspel står på programmet.

Foto: Tysnes Golfklubb