Publisert av: May Britt Meland
18/4/2024 16:58
Torsdagsturen gjekk i Nora markjo
Elleve friske torsdagsturistar fekk seg ein fin tur i Flatråkerskogen. Det vart tre avstikkarar frå vegen og inn i skogen langs traktorvegar og stiar. Flott skog med rake furutrær som strekte seg mot himmelen. Ein Sølvkroken kobber, seks gram i tretoppen fortalde at nokon har starta vårfisket i Torsteinstjørna. Vi tok den ned for at den ikkje skulle fiske fugl.
Neste torsdag går vi runden i Myklestadskogen via Hårstøa.
Tekst: Per Verner Aase
Foto: Per Verner Aase og Jørgen Haaland