Publisert av: Martha Nygård Lande
25/3/2024 07:19
Flott tur på Palmesøndag
Det var ein god gjeng som var med på turen som Tysnes Turlag og Reksteren Idrettslag arrangerte på Palmesøndag.
I strålande sol, og nesten vindstille, gjekk turen opp til Dalatuva, så til Middagsvarden via Strupen. Derifrå gjekk turen vidare til Gjøvågsvarden, Roalden og ned til Frøkedal.
Det vart ein nydeleg tur, som vart avslutta med grilling i Frøkedal.
Foto: Marit Nancy Allard Gjøvåg