Publisert av:
6/2/2010 08:16
Nøgd med forklaringa
Bergens Tidende skriv at politimeister Ragnar Auglend er nøgd med forklaringa i rapporten lensmann Lorentz Lunde har kome med etter at ein privat avtale vart bragt inn i ei sak der ein person var sakna.
Politimeister Auglend seier til BT at ideelt sett burde lensmannen ha klartgjort rolla si heilt tydeleg då han underteikna på eit møtereferat der ordførar Helge Hauge og arving etter den sakna var til stades.
Politimeisteren meiner det ikkje er grunnlag for å følgja saka vidare opp.