Publisert av:
29/1/2010 21:08
Fint skiføre
Det har vore eit kjempeflott vintervér med mange minusgrader på gradestokken og strålande sol i dag. Kanskje du bør nytta høvet i helga og ta ein skitur til fjells?!
– Det var fint skiføre frå Solheimsdalen og innover mot Grostølen i ettermiddag, fortel Nils Eivind Hansen til Tysnesingen.
– Litt mindre snø og ein del skare på Såtefjellet opp mot Såto, opplyser han og har sendt inn MMS-foto frå turen sin.
Dersom du ikkje kjem deg til fjells, er det råd å få med seg eit skirenn i Solheimsdalen søndag 31.jan. Det er start klokka 1200, påmelding innan kl. 1130. Startkontingent er 20 kroner og det er Onarheim Idrettslag som skipar til skirennet.