Elitebesøk frå Stord
1/1/2010 13:32
Sjølv om me var lova både trenar og spelar, så vart det kun trenar Mika Nurmi som kom. Og det var ingen som hadde forklart veien for han til hallen, så han hadde like godt tatt tur rundt heile øya, på det verst tenkelege vinterføre!!!! Men han kom fram tilsluttJ
Ikkje mindre enn 43 jenter og gutar hadde møtt opp i Tysneshallen denne kvelden, og Mika haldt dei i full aktivitet i 1 ½ time. Imponerande!!!!!
Alle såg ut så dei storkosa seg. Foreldra som hadde tatt turen til Tysneshallen, midt i julestria, fekk servert varm gløgg og pepperkaker på tribunenJ
Me takkar Mika for besøket og ynskjer han velkommen igjen!!
Me er blitt lova snarleg besøk igjen av Mika, men då ilag med nokre spelarar. Me får håpar at når Stord er ferdig med serien, og har innkassert ein flott plass på tabellen, har dei god tid til å ta turen over til oss igjen! Me gler oss allereieJ