Publisert av:
30/12/2009 19:45
Fyr her
I dag var det råd å få kjøpt seg fyrverkeri til nyttårsfeiringa.
Sjølv med gode ti kuldegrader rigga Mats Løve Gjersvik og Arne Gjersvik seg opp utanfor for Spar-butikken med fyrverkerisal.
Det virka å vera godt sig med kundar innom salsrampen deira. Får me lika fint og klart månaskin om eit døgn som det er i kveld over Tysnes, kan dei som skal senda opp fyrverkeri gle seg!