Lysmesse

Publisert av:
29/11/2009 19:07

Lysmessa opna med at konfirmantane kom i prosesjon inn i kyrkja. Etter salme vart den sjuarma lysestaken tent.

Så var det evangelieprosesjon før truvedkjenninga. Etter det gitarspel av Tore Hodneland og så song og musikk frå Ingelin Malkenes, Maria Wathne og Tore.

Deretter var det opplesing av konfirmantane før ein avslutta med prosesjon ut av kyrkja.