Siger til J12-2
24/10/2009 18:49
Det var ein frisk opning på kampen mellom Tysnes og Voss, der heimelaget kom best i gong og leia 3-1 etter berre nokre minuttars spel.
Så roa det seg ein periode. Tysnes hadde ein del gode forsøk, men traff ikkje alltid mål. Voss prøvde seg også, men Tonje Haugland i Tysnes-målet stoppa skota som kom. Fram mot pause drog så Tysnes i frå og holdt avstanden til Voss kampen ut.
Tysnes leia 7-2 til pause og sjølv om Voss fekk eit par tidlege mål i starten av 2.omgong, var det aldri tvil om sigeren. Cecilie Fagerbakk Hauge Hansen gjekk føre med solid jobbing og kontante avslutningar. Det enda til slutt med 13-6 siger til Tysnes i ein god gjennomført kamp.
Desse var med: Tonje Haugland, Elisabeth Ebbesvik, Cecilie Fagerbakk Hauge Hansen (9), Renate Frugård, Ingrid R. Rossebø, Isabell Instøy (2), Anne Marie Kleppe, Gunhild Fauske (2), Iris Hagen, Kari Andersen.