Vaksinering mot svineinfluensa

Publisert av:
22/10/2009 19:03

Tid: kl.09:00-15:00. Stad: Tysnes helsestasjon.

Kommunen har no fått fyrste levering av denne vaksinen, og dei som er prioritert er gravide, som er meir enn 12v. gravid, personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp i alderen 3-64 år og helsepersonell. Nærare informasjon om risikogruppene finn du her: pandemi.no

Vaksinen kjem i hetteglas som inneheld 10 dosar. Når me først har opna eit hetteglas må vaksinane bli injisert innan 24 timar. Dette fører til at me ikkje kan tilby enkelt-timar, men at ein nyttar dei oppsette dagane som me annonserer. Me vil kome tilbake til evt. nye datoar seinare.

Mvh Tysnes kommune
v/Tysnes helsestasjon.