Solid avslutning

Publisert av:
13/10/2009 18:53

Strand-Ulv har vunne alle kampane sine denne sesongen, så nær som som to. For dei to tapa Ølve-laget har, har komt mot Njardar. Og det eine kom i kveld på Vassbakken.

Smågutane var verkeleg på hugget i dag. Som i mange andre kampar produserer dei eit hav av sjansar, men laget er avhengig av å få “hol på byllen” for å få utteljing.

Det var jamnt fram til pause då det stod 1-1. Men i 2.omgong fekk Njardar flyten og måla rann inn bak gjestane sin keeper. Kampen enda med 7-2 siger og ein flott avslutning på sesongen.

Desse var med: Lars Jakob Kleppe, Jon Enes, Markus Ebbesvik, Tore Hodneland (1), Morris Skulstad (1), Christian Ottem (1), Daniell Hauge Hansen (3), Glenn Hagen (1), Vegard Frøkedal, Andreas Bakke.