Publisert av:
12/10/2009 13:51
Mens me ventar…
Stølsutviklar Tore Økland har sendt desse bileta i samband med oppføring av stølsbua på Gjerstadstølen.
For tida ventar han på godvér slik at det er råd å flyga opp til stølsbua.
Dei to første bileta er frå Gjerstadstølen i haustferien. Dei tre neste er frå utbetring av brua over tverrelva. – Heldigvis fekk me heva brua i haustferien. Det var like før flaumen tok ho. Det er forbetringar på tilkomsten på begge sider av elva, fortel han til Tysnesingen.
Dei to siste bileta er frå hallen til Andersland Bygg på Reiso. Han har hatt god hjel frå broren Karsten.
– Stølsbua skal fraktast opp i løpet av denne veka, sluttar Tore Økland.