Publisert av:
10/10/2009 14:18
Festdag i Lunde
Ballbingen har alt vore i bruk eit par månader. Klokka to i dag var det tid for snorklypping og offisiell opning.
‘Londabygdarane’ kjente si besøkelsestid og mange møtte opp til opninga. Lorentz Lunde innleia kort litt om bakgrunnen for å setja i gong arbeidet med ballbingen, som er eit felles dugnadsprosjekt mellom Lunde bygdalag og Lundegrend Idrettslag. Ingen midlar er tildelt bingen, så dei to laga saman med gode lokale støttespelarar har sjølve bidratt til å ta dette dugnadsløftet for bygda. – Men det skal gå bra! sa Lunde.
Det var så musikk frå eit samansett musikklag frå heile øya, klypping av snor, dans, gratis kaker, pølser, saft og kaffi og ei rekkje fotballkampar mellom store og små ned i ballbingen.