Publisert av:
6/9/2009 19:38
Viktig siger
I ein tett og jamn kamp på Reiso tok Njardar sitt damelag tre viktige poeng i kampen om 2.plassen i divisjonen.
Gjestane Vestsiden/Askøy er nemleg laget Njardar sloss med om å ta den nestbeste tabellplasseringa.
Marita Lie Nesse noterte seg for hattrick før pause. Dette etter at gjestane hadde tatt leiinga. Men Nesse sine mål gav 3-2 leiing etter første 45 minutt.
Njardar holdt same avstand til Vestsiden/Askøy også i 2.omgong. Renathe Hagen-Lunde og Torunn Belt sørga for mål 4 og 5, medan dei tilreisande fekk seg eit trøystemål, slik at resultet vart 5-3 siger til Njardar-damene.