Publisert av:
26/8/2009 13:22
Vil ha fart
I juni ifjor fekk L.Rødne & Sønner As dispensasjon frå Kystverket for ein maksfart på 25 knop for hurtigbåten som går mellom Bergen og Rosendal via Malkenes. På denne strekninga ligg Einingevika – Moseknappen.
Dispensasjonen går snart ut og L.Rødne & Sønner AS ynskjer halda fram med same farten. Formannskapet går inn for at dispensasjonen vert gjeve vidare. Kommunen har berre fått ein klage på telefonen det siste året, og var difor positiv til vidare dispensasjon.
Det er Sunnhordland som melder dette.