Publisert av:
23/8/2009 19:58
Cuplag i engelsk blad
Fotballbladet “The Oatcake”, som er fanzinen til Stoke City, hadde i utgåve 461 som kom ut 15.august eit innslag om The Hansen Stokers som spelte i cupen i sommar på Reiso.
Bladet har kome ut til kvar heimekamp til Stoke City sidan 1988, og er ein anerkjent fanzine i England med grundige artiklar, samt eit humoristisk syn på ting. Opplaget er på ca 7-8000 eksemplar.