To på Rundens lag

Publisert av:
17/8/2009 20:50

“Tobben” har meldt på laget Tobb’s Disipler hos Norsk Tipping og Premier League Mesteren. Laget Tobb’s Disipler kjempar mot hundrevis av lag på norsk-tipping.no. Kvar helg skal det tippast ein kupong med 12 kampar frå Premier League.

Fyrste runde var i helga og med 10 rette på “Tobben” og 9 rette på meg, gjekk me rett inn på vekas lag for favorittlaga våre.

Korvidt figurane Norsk Tipping har tileigna spelarane er særmerkte for oss, får lesarane avgjera. Eg vil imidlertid be trenaren for a-laget til Njardar leggja merke til at “Tobben” er av Norsk Tipping sett opp som midtstoppar, medan underteikna har blitt tildelt spissplassen!! Eit lite hint, Kjartan? ;)

(Alle bilete: norsk-tipping.no)