Mandelhuset har fornya og utvida baren

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/1/2021 07:49

Mandelhuset har vore stengd ei stund, men dei har nytta tida godt.

Den alltid så optimistiske Patrick Russel Madsen skriv på facebook: Som Winston sa, “aldri la ei god krise gå til spille”.

Sist gong dei måtte stenge ned, nytta dei tida til å bygga Naustet og ny uteservering. Denne gangen er det baren som har fått ei skikkeleg overhaling og er utvida.

Patrick R Madsen  fortel til Tysnesingen at planane fremover er at dei skal gjere det dei kan for å halde ope. Dei må følge med på dei retningslinjene som kjem, og føya drifta etter det.

Det skal verta mogeleg med take away, både i vanleg opningstid, men og til møte, selskap og liknande, kva tid som helst.

Denne helga held me ope laurdag og søndag frå klokka 13.00, seier Madsen, og det blir komler kvar torsdag mellom 15:00-17:00.

Vil du sjå fleire bileter frå oppussinga og vita meir om opningstidene, kan du klikka deg inn på facebooksida til Mandelhuset

Tekst og bileter med tillatelse frå Patrick Russel Madsen