Illustrasjonsfoto, Tysnes skule før ombygginga starta.

Strenge smitteverntiltak på Tysnes skule

Publisert av: May Britt Meland
4/1/2021 19:22
Skulestart i 2021 vart ikkje heilt slik ein hadde planlagt. Nye og strengare tiltak er sett i verk frå 3. januar.

8-10 trinn er no på raudt nivå og dette gjeld i 1.omgang fram til 18.01.21. Tiltaka påverkar skulekvardagen til elevar og lærarar på Tysnes skule.

.

I dag, mandag 4. januar heldt skulen stengt for elevane slik at lærarar og tilsette fekk førebu seg på ein skulekvardag på raudt nivå.

.
Rektor ved Tysnes skule, Cicilie Mette Lund, fortel at dei no har dei nye retningslinjene på plass.
.
Elevane fekk før jul tildelt eit friminuttområde før jul. Her skal elevane møte i morgon, læraren som har dei i fyrste time vil henta dei der. All undervisning vert i klasseromma, ikkje i spesialromma. -Det vert 1 meters grense både inne og ute, seier Lund. Ingen klemming og nærkontakt skal føregå.
Etter skuledagen i morgon vil vi evaluere korleis tiltaka verkar.

.

Skuleskyss
For elevar ved ungdomstrinnet anbefaler ein bruk av munnbind i skuleskyssen, og at ein sit saman med kohorter eller familiemedlemmer.
– Vi vonar likevel at flest mogleg gå, syklar eller blir køyrd til skulen, seier Lund.