Solid pluss

Publisert av:
23/7/2009 07:59

Det er sunnhordland.no som skriv at sjølv om ikkje tala er klare for årets Tysnesfest, så går ein mot ein solid pluss i rekneskapen.

Totalt for alle arrangement var det 13.460 personar, der flest møtte opp på marknadsdagane (5.000 personar). Vassendgutane trekte flest folk til konsert med 3.100 selde billettar, medan Hallelujah vol. 2 Tour selde 2.400.

Til sunnhordland.no seier Sigvard Madsen at dei truleg må tilsetja folk i framtida, då det blir så mange dugnadstimar at ein må ha eigne folk som jobbar med Tysnesfest på heiltid.