Fiskekonkurranse & Familiedag

Publisert av:
21/7/2009 19:15

Laurdag 01. August arrangerer Tveit båtlag og Tveit bygdalag aktivitetsdag for små og store.
Dette melder Anne Langeland, som er leiar i Tveit bygdalag. (Det vert lagt ut plakat seinare).

Ho opplyser att det på programmet står aktivitetar som fiske, med konkurranse i kven som får mest fangst, størst og minst fisk med premiering.

Det er Tveit båtlag som står som arrangør for fiskekonkurransen som vert avvikla ved Tveit båthamn. Når den er avvikla forflyttar me oss ut til tidlegare Tveit skule der det vert aktivitetar for alle aldersgrupper.

Dei gamle tradisjonelle leikane som den eldre garde kjenner godt, men som dei yngste gjerne ikkje har hørt om, står og på programmet. Kven hugsar ikkje Jeppe,slå pinnen osv. Nokre av desse vert prøvd under familiedagen. I tillegg vert det skyting, pilkast, hestesko konkurransar med premiering. Også aktivitetar for dei aller minste.

Det er også lagt opp til salgsboder.Her vert det høve til å selja produkt anten du er kremmar el berre ynskjer å rydde loft & kjellar. Så har du noko du ynskjer å selja ta kontakt på tlf:91147428/53435151 for nærare avtale.
(20% av salsum til arrangør).

Det vert også salg av mat og ein kan få kjøpt seg grillmat, kaffi, brus og kaker.

Me håpar sjølvsagt att vergudane er med oss, men det vert atterhald på leikane og evt fiskekonkurransen om det skulle bli dårleg vær. Så håpar me att mange tar turen og ynskjer små og store velkommen til ein triveleg aktivitetsdag på Tveit, avsluttar Langeland.