Eit pressområde

Publisert av:
19/7/2009 19:37

Miljøverndepartementet har i eit høyringsnotat opna for mildare reglar for byggjing ved sjøen i visse kommunar. Tysnes er ikkje ein av desse.

Forbodet mot byggjing i 100-meters beltet skal praktiserast ulikt frå kommune til kommune. Hensikta er at det skal vera lettare å byggja i områder med mindre press.

Punkt 4.3 i notatet, står det m.a.: Nærmere retningslinjer for andre sentrale områder der presset på arealene er stort. Retningslinjene gjelder i følgende områder: Kysten i Aust-Agder og Vest-Agder og deler av kysten i Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, anses som sentrale områder der presset på arealene er stort. Presset er ikke nødvendigvis stort i hele kommunen, men knytter seg til enkelte attraktive områder langs kysten.

Dette gjeld følgjande kommunar i Hordaland: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bømlo, Fitjar, Fjell, Kvinnherad, Lindås, Os, Radøy, Stord, Sund, Sveio, Tysnes og Øygarden.

Utkastet til regjeringa finn du her >>>