Modell av M/S Oslofjord
1/7/2009 13:25
I juni vart den første “Månadens gjenstand” stilt ut i Tysnes folkebibliotek. Det er Harald Dalland og Olav Skjellevik som har teke initiativet til dette tiltaket. Kvar månad vil det bli stilt ut gjenstandar av historisk eller anna interesse. I juni vart det såleis stilt ut ein 1800-tals rodestav frå Teigland (for å merka opp grensene for arbeidsplikt på vegen) som er så sjeldan at noko slikt ikkje eingong finst på museet.
Denne månaden kan publikum få sjå ein praktfull modell av MS Oslofjord, laga av Elling H. Skartveit. Det er rett og slett utruleg at nokon kan ha greidd å få til noko slikt, så smått og fullt av detaljar som det er. Skartveit kan fortelja at absolutt alle delane på skipet er slikt som han har hatt liggjande heime, ingenting er ferdigkjøpt. Han må med andre ord ha vore svært oppfinnsam for å få til noko slikt. Men så har det då også teke si tid – 8-10 år, meiner han sjølv.
Det verkelege MS Oslofjord vart sjøsett i april 1949. Salar, salongar, trappeavsatsar og korridorar var smykka med maleri, skulpturar, treskjerararbeid, handvovne bilettepper og mykje anna. Då det frå 1960-talet minka med passasjergrunnlaget på amerikabåtane, vart dei brukte som cruisebåtar. Såleis vart Oslofjord chartra for cruise frå 1966. Til dette bruket vart skipet noko ombygd i Amsterdam i 1966-67.
Natt til sundag 19. juli 1970 fekk skipet ein brann i ein av hjelpemotorane. Brannen let seg ikkje sløkkja. Skipet brann heilt ut, og med det var det slutt på eit eventyrleg kapittel i norsk skipsfartshistorie.
Tallause nordmenn, mellom dei mange tysnesingar, har reist til eller frå Amerika med denne båten. Den dag i dag er det nok mange som har sterke minne knytt til desse Amerika-ferdene, og skipsmodellen i biblioteket vil nok vekkja minna til live att hos mange.
Elling H. Skartveit starta byggearbeidet kring 1965, men først om lag 10 år etter var skipet ferdig. Kvar minste detalj har han laga sjølv – ingenting er kjøpt. Før arbeidet starta hadde han skaffa seg konstruksjonsteikning av skipet, og mengder av bilete vart studerte nøye med tanke på å få alt så korrekt som mulig. Sidan laga han ein tilsvarande modell av søsterskipet M/S Bergensfjord.
Skipsmodellen vert ståande ut sommaren.