Engasjerte elevar på blå skule

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/6/2020 15:40

Boss, boss og meir boss, skriv Blå skule på nettsida.

Det er synd at det fortsatt kjem så mykje boss flytande, men flott av Blå skule å rydde opp alt det dei finn rundt Solstråleøya.

_
Både på fredag 5. juni og i dag, tirsdag 9. juni, har dei plukka masse boss.
På fredag fylte dei båten sin med avfall som skal på søppelfyllinga, der det høyrer heime.
I tillegg til 2 sekker plast og masse isopor, fann dei i dag ein båt som var stranda.
Når dei ikkje plukkar boss, har dei mykje anna å holde på med.  Hønene treng mat og stell, og dei fiskar og trekker garn. I garnet i dag var det ein lyr på ca 2kg.
_
I år er det visst museår. Det er mykje mus på solstråleøya, så for å tynne ut bestanden, har dei sett ut musefeller.