Sogelagstur til Skåro og Botnen
26/5/2009 18:12
Litt etter vi hadde passert under Fyksesundbrua, kunne Arne Soldal syna oss huset og garden der han vaks opp.
Lenger inne i fjorden, var det mogleg for dei som kunne og ville, ta turen opp til Skåro og helsa på Jon Skår, m.a. kjent frå ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” med Oddgeir Bruaset. Det vart rekna for 45 minutt gange i bratt terreng.
Med på turen var 3 generasjonar Olav Helland. Olav Helland er syskenebarn til Jon Skår. Jon Skår sat på trappa og venta på oss, og mange hadde spørsmål om korleis livet hadde vore her oppe veglaust og langt frå folk. Kva slit det hadde vore å frakta fram materiale til hus og heller til hustak på garden, vart og snakka om.
Vel nede igjen frakta båten oss inn til Botnen. Derfrå var det eit par kilometer å gå til garden Flatabø der vi fekk kjøpt oss middag. Vêret var fint, så tilbaketuren var ei like flott oppleving, å sjå det vakre Hardanger frå sjøsida.
Takk til Sogelaget for ein fin tur.