Bortepoeng
23/5/2009 21:16
A-laget spelte i dag 2-2 på Stilvoll krøllgras og tok dermed eitt poeng frå tabelleiar Søfteland.
Det var ein kamp med to gode lag, eit svært høgt tempo og mange duellar. Njardar tok leiinga etter halvtimen spelt, då Roy Inge Korsnes sendte ein lang ball fram til Christian Frugård som sprang frå Søfteland-forsvaret før han lobba ballen over keeper.
Men heimelaget kom sterkt tilbake og pressa Njardar bakover. Berre fleire fantomredningar frå Kjartan Hagen redda Njardar frå å liggja under i denne perioden. Søfteland fekk utlikning, men Njardar scora etter corner tre minutt før pause, då Roy Inge heada i stolpen og Torbjørn Onarheim putta inn returen og 2-1 leiing.
I 2.omgong køyrde Søfteland på og ballen var for det meste på tysnesingane sin halvdel. Halvvegs ut i omgongen fekk heimelaget nok ei utlikning ganske fortent. Keeper Hagen var fleire gongar i aksjon etter Søfteland sine mange angrep, og Njardar skal vera nøgd med det eine poenget dei fekk med seg.
– Kjartan Hagen, Gunnar Hansen, Eivind Skorpen, Knut Sigve Gjerstad, Terje Vevatne, Ørjan Malkenes, Torbjørn Onarheim, Thomas Hagen, Roy Inge Korsnes, Christian Frugård, Helge Flornes, Nils Eivind Hansen.