Austevollbadet

Publisert av: Vegard Aslaksen
11/12/2019 18:00

Mange Tysnesfamiliar reiser nok til Os-badet for ein dukkert. Men visste du at det også er ein mogligheit for eit bad på Austevoll?

Austevollbadet er berre ein liten båttur unna – og rett utfor døra er det gjestehavn der ein kan parkera båten.
Anlegget består av eit 25m treningsbasseng og eit 12,5m terapibasseng som held 32 grader. Austevollbadet er ope kvar laurdag og sundag, og desse dagane har me eit flott WiBit hinderløype ute, skriv dagleg leiar i Austevollbadet, Mette Storebø til oss i Tysnesingen.

Midt i veka har me i tillegg ope om tysdagar og torsdagar, og pensjoniatane har si eiga tid begge desse dagane – med god trening, vanngym og kaffidyk etterpå. Torsdagen er ein spanande dag med meditasjonssymjing, stilt og fredeleg med dempa lys (sjå biletet) – godt for kropp og sjel. For informasjon om opningstider og aktivitetar, anbefalar me alle å følgje oss på Facebook og Instagram.
Velkomen skal de vere alle gode naboar!