Tysnes Pendlarforum reagerer
30/4/2009 10:00
Frå Tysnes Pendlarforum si side reagerer me sterkt på at MF Bømlo blir satt inn i dette sambandet før 1. Mai helga. I dag er det ein enorm trafikk på dette sambandet, og dette medfører at det er mange pendlara på sambandet som kjem til å få problem pga det auka trafikken i dag, og dei problema dette medfører på sambandet pga fergemateriellet.
Me krev at Tysnes Kommune set inn det dei kan for at Tide og vegvesen skal sette inn ekstra materiell for å løyse dei problema som kjem på dette sambandet. Dersom det ikkje kan settast inn større ferge, så må det settast inn ekstraferge slik at folk og biler kjem med på sambandet.
Tysnes Pendlarforum ønsker at TIDE tar dette sambandet alvolig denne helga, og foretar seg det dei må for å få unna trafikken som kjem i ettermiddag, og at dette skaper minst mulig bry for dei reisande enten dei er pendlara eller “vanlig reisande” som skal på ferie.
Etter opplysninger som eg har fått i dag er det planar om at ferga skal gå til over helga, noko som er heilt uakseptabelt for Tysnes Pendlarforum.
Dersom det er rett at Bømlo skal gå både i dag og på returane på søndag vil dette skape enorme problem for både reisande og dei ansatte i TIDE, og for kapasiteten på kaien i Våge på Søndag.
——————–
Bladet Tysnes melder at Jondal går inn i tillegg til Bømlo (red.anm)