Innsamling av bleier til Ukraina
15/11/2019 08:59
Merete Kristiansen fortel at trailarane med klær, utstyr og julegåver som ho samla inn tidlegare i haust, no er komen vel fram til Ukraina.
Ho og dei andre i KPK-Ukraina er allereie godt i gang med å forberede neste forsendelse, og denne gongen ynskjer dei å samla inn bleier. I Ukraina er det dyrt med bleier. Ein pakke kostar kr 150,- og barnetrygda der er kr 300,- så då velger ein gjerne mat framfor ein tørr stump.
Dei treng sårt bleier, og håpar mange har mulighet til å bidra, det er ikkje godt å gå tissevåt, og i alle fall ikkje på vinterstid. Dei tar i mot single bleier, åpne pakkar og nye pakker. Våtservietter er også kjærkoment, då mange har lite tilgang til vatn å vaske seg med.
Merete opplyser at dei har lager i Haugesund og på Vigrestad, og tar med glede imot alle bleiene du har å avsjå, på begge plassar.
Dersom du ikkje har anledning til å kjøpe bleier, er det også mogeleg å vippse pengar, eller sette inn på bankkonto, så kjøper Merete inn bleier.
VIPPS til 93853973 eller bankkonto 3525 40 63213, merk med bleier.