Flott i fjellet

Publisert av:
7/4/2009 19:28

All snø var borte no – berre nokre små flekkar lyste kvitt der ikkje sola hadde kome til. Isen på Salsborgstjødno var òg i gong med å gå i oppløysning, og under isen ligg vassliljeknuppane klare. Til sommars vil dei lysa kvite og gule over heile tjødno.

Planen var å returnera her, men freistinga vart for stor til å fortsetja på turstien nordover.  Dermed fekk hola ved Svartavatnet enno eit besøk før turen gjekk vidare til den flotte varden på Øykjafjellet. Der er det obligatorisk å logga besøket i boka som ligg i varden. Turen enda denne gongen ved Kreklo (ved Skorpe-krysset).

Det er greitt å ferdast i desse traktene ettersom alle stiar er rydda og merkte.